Høgdepunkter og reaksjonar frå Bergsøy – Valder 4-0!

Bergsøy møtte Valder til kamp fredag kveld i Fosnavåg og rodde i land ein komfortabel 4-0 siger. Fyrste målet kom på straffe etter at Magnus Myklebust blei felt etter kvarteret. Tepuric scora på straffa. Andre målet kom like etter då…

0
(0)

Bergsøy møtte Valder til kamp fredag kveld i Fosnavåg og rodde i land ein komfortabel 4-0 siger.

Fyrste målet kom på straffe etter at Magnus Myklebust blei felt etter kvarteret. Tepuric scora på straffa.

Andre målet kom like etter då Daniel Jøsok Kvalsvik raga høgast og heada inn ballen.

Så scora kvalsvikaren på volley etter eit flott innlegg frå Myklebust.

I andre omgang teikna Vegard Håheim Elveseter seg for si fyrste scoring for Bergsøy sitt A-lag.

Action og kommentarar frå kampen i Fosnavåg ser du her!

Elles i runde.16 så feia opprykksrival Volda golvet med Blindheim og slutta ikkje før det stod 6-1 på lystavla.

På River Plate måtte Anders Hoff og hans LGFK nøye seg med 0-0 mot Rollon.

På Hareid blei det 1-1 mot SIF/Hessa!

Dermed uforandra i toppen der Bergsøy leiar med eit poeng på Volda. Det vert skikkeleg spanande utover hausten!

0 / 5. 0

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *